Volda tilbake på vinnersporet – Norsk Topphåndball
Foto: Jon Forberg

Volda tilbake på vinnersporet

Volda – Kjelsås: 2 poeng, trass i trå start

Det vart ein kamp med to heilt ulike ansikt då Volda tok imot Kjelsås i Volda Campus Sparebank 1 Arena.

Heimelaget fekk ein grei start og gjekk opp i 4–1, men derfrå stoppa det nesten heilt opp. I ein periode på nærare 13 minutt klarte ikkje Volda å finne nettmaskene, og frå stillinga 5–2 snudde Kjelsås det til 5–8. Spelet bar preg av låg tempo, dårlege val og lite presisjon, og minna meir om førre helgs kamp mot Aker enn om det nivået Volda eigentleg held. At det stod 9–9 til pause er noko ein sjeldan ser i moderne topphandball.

Etter kvilen håpa ein på ei heilt anna utgåve av heimelaget, men dei første ti minutta var jamspelte. Laga følgde kvarandre til 13–12, før Volda endeleg skrudde opp både tempo og kvalitet. Dei neste 20 minutta viste sunnmøringane den klasseforskjellen som ligg i laga, og på det meste var heimelaget sju mål føre. Sjølv om det igjen vart litt rot mot slutten, var det aldri tvil om kvar poenga skulle hamne. Sluttresultatet ble 25-20.

Det viktigaste denne kvelden var to poeng – og ei påminning om kva laget er i stand til når dei spelar på sitt beste.

Banens beste vart fullt fortjent Natasja med solide 44 prosent redningar, medan Dana vart toppscorar med åtte fulltreffarar.

No ventar bortekamp mot Storhamar neste helg, før Volda tek imot Levanger laurdag 24. januar klokka 15.00 i Volda Campus Sparebank 1 Arena.