Volda: Klare for kamp når de møter Gjøvik på bortebane – Norsk Topphåndball
Foto: Jon Forberg

Volda: Klare for kamp når de møter Gjøvik på bortebane

Etter ein lang pause på grunn av VM er det igjen klart for kamp når Volda på søndag møter Gjøvik på bortebane.

Gjøvik er nyopprykka, og står med fem poeng på sine ni kampar. Sjøl om tabellsituasjonen tilseier at Volda er favoritt, må laget vere godt skjerpa for å ta to poeng meiner voldatrenar Reidar Møistad.

– Vi har fått trent godt i VM-pausen, og har dei aller fleste tilbake frå skade. Mot Gjøvik kan vi dermed stille med tilnærma full tropp. Vi skulle sjølvsagt gjerne hatt med Dana, men ho er framleis oppteken med VM-spel for Island, og ho vil vere tilbake fyrst til Kronekampen heime mot Pors 13. desember.

– Det kjem til å bli svært viktig at vi er godt fokusert i dei tre siste kampane før jul. Gjøvik kjem til å plage oss, for dei har ein sterk fyrsteseksar som kan skape bry for mange lag i 1. divisjon. Vi må derfor vere påskrudd, og så tek vi med oss den gode følelsen frå treningskampen som vi hadde på tysdag mot eliteserielaget Molde.

Kampstart Gjøvik – Volda 7. des. kl 16.00 i Campus arena Gjøvik

Kampstart (2. div.) Melhus – Volda 2 i Melhushallen 6 des. kl. 13.00

Vi minner også om at neste heimekamp er KRONEKAMPEN Volda – Pors 13. desember kl. 18.00. Våre fantastiske sponsorar spanderer GRATIS INNGANG for store og små!