
Presentasjon: Volda Handball 26/27
Volda handball er ein klubb frå vesle Volda som har siste åra kjempa stabilt i toppen av tabellen med ein klar ambisjon om opprykk til øverste nivå. Vi er ein liten klubb med stor entusiasme som har skapt slageordet: Volda handball- trivsel og entusiasme mot toppen. Klubben er bygd rundt slagordet «Entusiast». Dette er ei bekriving av ein felles identitet for spelarar, publikum, støtteapparat og sponsorar.
Vi er mange som brenn for Volda handball og står på for at vi saman skal nå målet om opprykk!
Treneren har ordet:

Reidar Møistad, hovedtrener Volda Handball
I år som i fjor har fleire av spelarane våre meldt overgang til andre
klubbar, på høgre nivå og i utlandet. Vi er stolte av at vi kan vere ein
viktig bidragsytar til at talentfulle handballspelarar tek store skritt
vidare i karriera si.
Det er heilt rett observert at Volda handball står overfor eit spennande
generasjonsskifte framfor komande sesongen. Klubben sin strategi bære
tydeleg preg av å bygge eit lag for framtida, med en miks av
kontinuitet, unge talent og spelarar som tek større rolle.
Når ein bygge eit lag rundt unge talent, må ein ofte rekne med at
svingningane i prestasjonane blir litt større. Trenertemaet med Reidar
Møistad i spissen har fokus på langsiktig utvikling. Volda kjem til å
framstå som eit ekstremt løpevillig, svolten og energisk lag i 1.
divisjon, som på gode dager kan slå kven som helst, både på borte- og
heimebane
Topp 3
- Levanger
- Åsane
- Aker TH
Spillere
NYE SPILLERE INN:
Ingeborg Tømmervåg- Molde Elite
Line Strand-Larsen, Follo HK
Emma Grøndahl, Ålgård
SPILLERE SOM HAR FORLATT KLUBBEN:
Dana Bjõrg Gudmundsdottir- til Larvik
Emma Eikrem Klauset-Skuru IK
Hannele Ebba Nilsson – Stella Saint-Maur, Paris
Mathilde Bengtson- reiser heim til Danmark, usikker på om ho skal fortsette
Helga Pedersen Lersveen- ukjent
Zoe Afram- ukjent
Thea Dyrhol Slenes. Starte på skule i Bergen
Malene Steinshamn: uavklart
Klikk her for å komme til de andre klubbene
